onsdag 7. november 2018

Prosjekt framover

Da er det tid for ein del sprø - ja kanskje på grensa til sinnssjuke  prosjekt? :-)

  1. Prosjektering og bygging av klatrevegg på barnerommet, med egen hole og fjellhylle. 
  2. I garasjen kjem de gaming-rom med bevegelsesplatform/simulator (feelthree) og greenscreen rom for VR og youtube-filming. (areal 10m2)
  3. I tillegg vert da hobby/snekkarbod med DIY CNC router, utstyrt med diverese band/bord/sirkel-sager og alt anna som treng. Ikkje store plassen i garasjen, alt skal inn på ein bilplass og "offer-bod"  (10+15m2)
  4. I kjellaren kjem det nytt stort "vaskerom-spa" med infrarød badstu og saltvatn floating-tank innebygd under arbeidsbenken.

For å sikra at eg heldt ein viss grad av progressjon - må alt dokumenterast. Derav vert bloggen her vekt til live - forhåpentligvis vert den ganske så aktiv dei neste åra framover.

Den vert og knytta opp mot nytt domene - sinnssykt.no i litt ulike variantar (sinnsykt/sinnsyk/sinnssyk).

Da gjenstår det bare å ønska seg sjølv lykke til. :-D

Runar


tirsdag 12. september 2017

Kva skal til for eit godt liv?

Tilbake til fokus på det bloggen egentlig skal handle om. Korleis oppnår ein eit godt liv? :-)


For min del er det familie, barn og helse som må være på plass. Tesla er sekundært. :-D

Ift. helse, har eg erfart at stress er noke ein ikkje skal ta lett på.

For noke år sidan hadde eg ein rundt på eit halvt år med til tider invalidasernede hovudverk. Det viste seg, etter alt mulig av testar, at det var spenningshovudeverk fra nakkespenningar. Primært årsaka av stress.

Unngå stress

Det er ikkje lett å unngå stress i ein hektisk kvardag. Så for meg har det vert fokus på å minimera stress, og så finna måtar å fjerna/redusera stress som bygger seg opp.

Eg er så heldig at eg har mulighet å gå ned i stillingsprosent, så for tida jobbar eg 80%, og det i seg sjølv gir litt meir ro i kvardagen.

Men det er langt fra nok. Stress bygger seg opp, og eg erfarer at når ein har slitt med spennignshovedverk så kjem det raskt tilbake.

Der er det to ting som har fungert som ein draum.

  • Nålebehandlign - needling
  • Flytetank - Sensory deprivation chamber

Denne posten er for å få ned nokre raske tankar. Eg kjem tilbake til meir detaljar om desse to tinga.

Hjartesukk

I tillegg til eit hjartesukk ift. norsk helsevesen. Dei er veldig fokusert på seg og sitt fagområde, og sjekka ut alt potensielt alvorlig som kunne vera feil. Takk for grundige sjekkar for å utelukka alvorligege årsakar..men..det var ikkje dei som fann ut at eg hadde spenningshovudverk.

Eg vart sendt heim etter sjukehusopphald og undersøkingar, med beskjed at ingenting alvorlig var gale, og med hovudverk om var verre enn nokon gong. Eg fekk med ein haug med medisinar for alt frå kluster hodepine til migrene - ingenting som hjalp i særleg grad. Eg kunne gå tur i tillegg til å prøve ut ulike medikament i varierande dosering for å dempa smerten.

Det blei nabo som tips om besøk hos kiropraktor - som med ein gong (minutt)  identisifserte spenning i nakke og skeivstilling som garantert årsak til hovudverken. Dette vart ikkje nevnt med eit ord på dei siste 6 månadane innafor helsevesenet.  


Tesla fremover

Det har lenge dødt her på sida, så det er på tide med ei oppdatering.


Då er Model S ein suksess. Min første spådom traff ganske bra. :-)

Skal dele litt tanker om framtida videre.


Neste blir nok at mange bilprodusenter vil gå konkurs over det neste tiåret, og Tesla vil ta store markedsandeler av bilmarkedet.

Produksjonen er påvei opp fra dagens 100.000 biler i året, til 2-3 millioner biler i året innen 2020. Og fra der vil det ta av ordentlig.  Korleis vert 2030? Tesla er da eit av verdas mest verdifulle selskap.


Kvifor?


Me ser alt no at Frankkrike m.fl. snakkar om å forby fossilbiler innen 2030-2040. Til og med Kina snakker i same baner, uten å ha gitt noko endeleg tidsperspektiv enda.  Kina er derimot dei som kan få ting til raskt, med eit-parti system så kan saker gå gjennom uten motstand.

Kina har no tallsatt ein ganske jevn overgang til elbiler, med krav til 8% elbiler fra hver enkelt produsent for 2018 - som så øker jevnt til 10% for 2019 og 12% i 2020.

http://gas2.org/2017/06/14/china-sticks-8-ev-mandate/

Dersom dei, ikkje usannsynlig, skjerper inn dette enda mer så vil det og kunne tvinge fram ein langt raskare overgang til elektriske biler verda over.


Kven står sterkast for ein framtid primært for elektriske biler?

Nokre tradisjonelle bilprodusnter kan nok klare overgangen, men dei fleste er totalt avhengige av inntekter fra sine fossilbiler. Så eg er ikkje i tvil om at Tesla har ei veldig ys framtid foramfor seg.

Skal skrive meir om detaljane seinare.




fredag 2. november 2012

Tesla Model S 2013



Framtida er her, eller rettere sagt i USA. Til Europa kjem den først i starten av 2013.

Ferdinand Motor har fikset ein tjuvstart, og holder på med import av ein USA model, så det er ein mulighet for at Model S "lander" ein gang i løpet av 2012.

Spådom: Når Model S begynner å kjøre på norske veier, så blir dette veldig kjapt bilen "alle må ha" Og det er ein bil veldig mange faktisk vil kunne ta seg råd til.

Det er bare å være rask, bilen du får for pengene med dagens særdeles gunstige elbil vilkår i Norge, er uten sidestykke i historien! Model S er ein bil uten sidestykke, en enorm revolusjon!

Autofil har også testet bilen, og lar seg overbevise. :-D http://www.autofil.no/...

Tv2 Broom sin utsendte sier Tesla Model S er en julegave fra norske politikere (red.anm Tesla)

 
Dei som ikkje "kaster" seg rundt, og sikrer seg ein kjapp reservasjon, kan risikere å bli for seine med tanke på mulig ny regjering og krypende avgifter, også på elbil. Det er allerede 1år venteliste, og det er før bilen har begynt å kjøre på veiene.
Reservasjonene ligger for tida på 50+ biler om dagen, opp fra rundt 30 for eit par veker sidan.

tirsdag 27. april 2010

Vegetabilsk olje/fett = Palmeolje

Alle er vel klar over at Palmeolje egentlig er særlig sunt. Den har ingen av de positive effektene av anna vegetabilsk olje, men er dessverre billig samt at den hjelper til me då forbedre holdbarhet og konsistens på produkter, altså reint økonomisk motivert fra produsentene.



Eg har bevist valgt bort alle produkter med palmeolje, trudde eg, men oppdager no at det er lov å skjul ebruken bak fellesbenevnelsen "vegetabilsk olje/fett" som jo i utgangspunktet høres positivt ut. Eg har derfor, som alle andre, fått i meg ca.3 liter tjuktflytende og helseskadelig palmeolje kvart år, dette sjølv om eg bevist har lest innholdsfortegnelsene for å unngå nettopp dette. Føler eg meg lurt JA!

Mellom anna TORO benytter palmeolje i sine produkter, men det er dessverre lnagt fra kun dei. Stort sett alt av billig produkter som first price serien, men og til og med Hjertegod produkter inneholder sterkt skadelig palmeolje!

Usunn for kropp og klode (ref. forbrukerrådet.no)

"- Vi bruker palmeolje i de tørkede og langtidsholdbare produktene. Vi liker ikke den høye andelen mettet fett i palmeolje, heller ikke de etiske problemstillingene som knytter seg til avskoging og planting av oljepalmer. Derfor leter vi etter alternativer, og Toro har for tiden et større utviklingsprogram i gang som om noen måneder vil gi oss svar på om vi kan gå bort fra palmeolje, sier Berger. "


Dette skiv TORO til forbukerrådet i 2008. Det er med andre ord meir enn et par månder siden dette er sagt. Eg kjem til å ta kontakt med Berger for ei oppdatering på saken iløpet av kort tid.


Her er ei liste over andre som benyttes billig simpel palmeolje (fra høsten 2009);
(Ref. nrk.no)

Produsent:Produkter med udeklarert palmeolje:
StabburetMia paier
Big One pizza
NorturaFrys kjøttboller i tikkasaus
Terina kjøttkaker som hjemmelaget, med brun saus
FindusFiskegrateng
Fylte laksefileter
Fullkornris & sprø grønnsaker
NorgesmølleneAlle brødblandinger
Lantmannen (Regal)Flere melmikser (noen av dem er palmeolje-deklarert, andre ikke)
Sætre kjeksAlle typer unntatt Start kjeks
Rieber & SønToro supper, sauser og gryter
TineGo`morgen vanilje, aprikos og mango/banan (i kornblandingen)
Pizzatopping
MillsMelange margarin
Soft margarin
Vita hjertegò margarin
Vita hjertegò brød
MesterbakerenDe fleste bakervarer inneholder palme- eller rapsolje, men produsenten har ikke oversikt over hvilke fordi det deklareres kun med vegetabilsk fett/olje fra underleverandøren.
BakersBakers ferske grovbrød
Bakers ferske spesialkneip
5-kornbrød
Gresskarkjernebrød
Birkebeiner brød
Pølse- og hamburgerbrød (unntatt Bakers proffe)
Møllhausen speltbrød
Boller og skolebrød
FjordlandFerdigretter med brun saus, som svinestek med surkål og poteter, kjøttkaker i brun saus, oksekjøtt i saus, kabonader med kålstuing, poteter og tyttebærsyltetøy.
Brelett omega, Brelett rød og Brelett oliven er tilsatt en liten andel kokosfett og palmeolje.

søndag 7. februar 2010

Joggesko med demping - 1979

Joggesko er ei heller ny oppfinning. På 1800 tallet kom dei første skoa som skulle forbetre springing og gi betre veigrep. Gummi blei i 1832 fyrste gong benytta for å lage ein solid såle, dette gave ein lydløs gange som raskt blei oppdaget og gjort nytte av hos tjuvar, derfor 'sneakers' fra 'sneaking'.;-)

Den moderne joggesko med demping kom først i 1979, der ein la inn luftpute for å dempe hælen. Joggeskoas historie finn du meir på denne linken.

Så totalt sett er sko med gummisåle ca. 200 år gamle, mens moderne joggesko med demping såvidt 40år gamle.

Kunne me ikkje springa før den tid? Eller ihvertfall kun springa på mjuk bakke og gras? Har me alle i fleire tusen år vore prisgitt eit mjuk underlag? Neppe..

Fotbladet består av 29 småbein, 33 ledd og hundre musklar, me har ein sterk leggmuskel som er veldig rask å trena opp og ei akilleshælsene som fungerer som ei stor sterk fjør. Foten er naturlig laga for å ta imot støyt og hindra at desse forplantar seg oppover i kroppen.

Med joggesko så er det lagt opp til at ein skal landa på hælen, rulle framover og sparka fra med tåballane. Dette er ein umulighet uten sko med demping, trykket ein får gjennom hælen ville då gått udempa oppover i legg-kne-hofte-rygg og ein kan sjølv tenka seg kordan det vil bli etter ein joggetur på f.eks. asfalt (stein,fjell før i tida).

No er da sånn at veldig mange i verden aldri bruke sko, dei spring barbeint eller ihvertfall uten demping i da heila tatt, som me alle gjorde for kun 200 år sidan.
Dei spring på ein heilt anna måte enn ein blir pressa til med dagens joggesko. Ein som spring barbeint kan ikkje landa på hælen, men må landa på framre del av fotbladet. Ein bruker da fotbladet, fotbuen og eit bøyd kne som dempe og springfjør. ein treng ikkje være nedi med hælen, eller i verste fall er den såvidt i bakken før ein sparke fra igjen.

Eg har akkurat oppdaga ideen, og skal begynna å springa barbeint når snøen forsvinn.
Eller.. ikkje heilt. Eg er for pysete, småstein og muligheit for knust glass m.m. gjer at eg ikkje tørr å springa heilt på bar fot. Da blir Vibram Fivefinger sko på meg.



Klikk på linken, så får du opp bloggen som overtalte meg til å gjera eit forsøk.:-) Han skriv mykje betre enn eg har gjort, så om du føle eg bare preika tull så les det han skriv der før du avfeie heila konseptet.

Oppdatering 25.02.10

Da er VFF KSO Trek prøvd ut ei veke, og disse er godsaker.:-)

Fungerer dårlig på lengre turer i -25 grader, men ein kjapp tur på butikken er bare gøy.

Leggane får hardkjør, så ta det rolig i starten. Har jogga litt, men kun 3-400m, og merker det skikkelig i leggane dagane etter.

Skal springe knarvikmila med KSO modellen 5.september er planen, da er ikkje meir enn akkurat tida som trengs.